mandag 25. november 2019

trugsmålet om komande vinter med seg.



Kaldt var det. Det bles ein sur austavind, som bar trugsmålet om komande vinter med seg. Han kverla over og rundt bergarmane og inn i dalen og sukka mellom knausane. Etter den lange tida i dei tette og djupe drakesulka grottene, skolv dei i solskinet, 

Fra side 213 i Hobbiten av J. R. R. Tolkien. 



Jeg har også en Musikkblogg

onsdag 20. november 2019

og baud dei farvel



Så ein dag, endå om det var seint på hausten og lauvet fall snøgt til marka, og det bles kaldt, sette tre store båtar, lasta med rorskarar, dvergar, her Skrepping og mykje føderåd, ut frå Langvassbyen. Hestar og ponniar vart sende ut på stigane som gjekk rundt vatnet for å møte dei på den avtala landingstaden. Styringsmannen og rådet hans stod på dei store trinna som gjekk frå rådhalla ned til vatnet, og baud dei farvel. Folk song på bryggjene og utor gluggane. Dei kvite årene duppa og plaska, og dei for av stad nordetter vatnet på den siste luten av den lange fera. 

Fra side 178 i Hobbiten av J. R. R. Tolkien. 



Jeg har også en Musikkblogg

SAMLESNING: PIRANESI AV SUSANNA CLARKE