mandag 1. januar 2018

DIKTET 50 AV RUTH LILLEGRAVEN


veke 27:
blodårene på 
magen og brysta 
som eldgamle
blå greiner

denne brune
smale stripa
heile vegen
frå håra eg 
ikkje lenger
ser, og opp til 
mellomgolvet

ei loddrett
ekvatorline
mellom 
dykk

og så desse
underjordiske
ristingane

bølgjene
når de bryt
dykk mot 
overflata 

som turnarar
som isbrytarar
som roterande
turbinar

om kvelden kjem 
jordmødrene for 
å lytte på dykk


galopperer
to små hjarte
bortover ei 
hemmeleg
slette i eit 
land ingen 
kjenner


Diktet 50 er å finne i diktboka Urd av Ruth Lillegraven på side 93. 


Jeg har også en Musikkblogg



2 kommentarer:

Trivsel!

EROTISKE FOLKEEVENTUR