fredag 30. oktober 2015



ser du, eg er ei vanleg jente 
huda mi har sprokke på hendene
eg har små hår på fingrane   
og over leppa og nesten   
overalt på kroppen  
dropar fell frå rekkverket   
når eg kjem borti 
elva skil seg kring støvlane   
eg har øvd meg på ei grashoppe   
og på graset   
når det surklar om våren   
først lyd   så stille   
viss det er nokon der 




Fra side 20 i diktboka Systrer kan bli like gamle av Juliane Rui





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Trivsel!

30 SPØRSMÅL RUNDT BØKER