onsdag 20. desember 2017

ADVENTSKALENDER TO TUSEN OG SYTTEN #20


1910

himmelen
er her framleis
lyseraud og grå 


eg løftar ned 
perlemorskyene
spinn ein tynn 
tråd av dei 

hentar 
spindelvev
frå kroken 
over senga 

solgullet
som glinsar
i vasskorpa

skimmeret
i skinnet
på fisken 

løvetannulla
som dansar
gjennom 
tunet 

nervane 
i bjørkeblada
der dei vrengjer 
seg i vals med 
vinden 

tråden 
ligg mellom 
fingrane mine 
stram og 
skjør 


Fra side 42 i diktboka Urd av Ruth Lillegraven.


Jeg har også en Musikkblogg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Trivsel!

Høsten kommer sent i Alabama