lørdag 23. desember 2017

ADVENTSKALENDER TO TUSEN OG SYTTEN #23



39

eg er ei 
russisk dokke
det er to menneske 
inni meg, to menneske
enno ingen kjenner, to 
klumpar av blod
og kjærleik 

måtte
de bli gode
og audmjuke
kjenne tyngda
av vårane
og vintrane, av 
sola i regnet
og regnet
i sola

måtte de
sjå avtrykka
i fjella og 
andleta
i andleta

kjenne
lukta av alle 
menneska som 
ein gong har 
levd her 


Fra side 78 i diktboka Urd av Ruth Lillegraven 

Jeg har også en Musikkblogg



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Trivsel!

EROTISKE FOLKEEVENTUR